Ingen ting

Eg bryggar kaffen sterk.
Og morgonen kjem av seg sjølv.

Eg må ikkje prøva eller ikkje prøva.
Fuglane byrjar bare syngja.

Eg sit ei stund og pustar.
Til pusten pustar meg.

Det er for at sinnet ikkje skal
oppføre seg som ein kattunge

og snuse på alt og springa rundt
med skarpe klør på lengestolar og idear.

Eg bare sit her og pustar
som om ingenting har hendt.

Men eg er her. Fødd. Naken. Påkledd.
Opplærd. Fordumma. Forvirra.

Eg ser ut på piletreet.
Ein pilfink landar. Ser seg vaken om.

Kvitrar i det stigande.
Eg smiler.

(Helge Torvund)

Lofoten_Januar2018_45_6.jpg